Eg tilbyr tre forskjellige bryllupspakker:
Kort og godt, 2 timar
Halvdagsfoto, 4 timar
Heildagsfoto, 12 timar
Kort og godt:
(Kun tilgjengeleg i Oslo og omegn) Nokon gonger vil ein berre ha bilder av det aller viktigaste: vielsen og eit par portrett etterpå. Denne pakka passar særleg bra om de skal gifte dykk på Rådhuset, og vil ha nokon enkle bilder frå lokalet, utanfor og nokon portrett.
Eg er med i 2 timar, men møter dykk gjerne før bryllupet for å høyre korleis de vil at dagen dykkar skal vere. De får ca 100 bilder ferdig redigert i full oppløysing til fri privat bruk.
Pris: 12 000 + mva
Halvdagsfotografering:
I ei halvdagspakke rekk eg vere med og fotografere litt mingling før vielsen, vielsen, familiebileta og brudebileta av brudeparet, samt ankomst til festlokalet og stemning fram til middagen startar.
Eg er med i opptil 4 timar, men møter dykk gjerne før bryllupet for å høyre korleis de vil at dagen skal vere, og kva de har lyst på av bilder, slik at de kan slappe av på sjølve bryllupsdagen. De får ca 250 bilder ferdig redigert i full oppløysing til fri privat bruk.
Pris: 21 000 + mva
Heildagsfotografering:
Bryllup er ein spesiell dag ein vil hugse, og på heildagsfotografering har eg tid til å vere med på det meste: alt frå forberedelsar, hår og sminke til spenninga før vielsen, vielse, portrett, middag, taler, kake og dans. Å vere med heile dagen gjer at eg kan fange mange av dei magiske små mellomaugeblikka, eit smil og ei tåre og eit glimt i auge, slik at ein får meir enn berre dei oppstilte portretta.
Eg er med i opptil 10 timar, og møter dykk gjerne før bryllupet for å høyre korleis de vil at dagen dykkar skal vere. På den måten kan de slappe av og nyte dagen, utan å vere bekymra for foto. De får ca 500 bilder i full oppløysing til fri privat bruk.
Pris: 29 000 + mva
(Utover dei 10 timane, 1500 kr pr time)
Om de har andre behov, ta kontakt så kan me skreddersy eit opplegg.