Eg heiter Signe Fuglesteg Luksengard og er utdanna fotograf frå Norsk Fotofagskule i Trondheim i 2014 og journalist frå Nynorsk Mediesenter i 2015.

Eg jobba i fleire år som motefotograf, før eg fall heilt for dokumentarfotografiet. I dag jobbar eg i kryssingsfeltet mellom desse sjangrane, samt eigne personlege fotoprosjekt i bok ut utstillingsform, og fleire av mine arbeid har vunne prisar i fotokonkurransar som Gullsnitt og Årets Bilde. 

I tillegg fotograferar eg bryllup, og synest det er utruleg stas å kunne få vere med på ein av livets aller største dagar. Når eg fotograferar bryllup jobbar eg dokumentarisk, diskré og som ei fluge på veggen, slik at de kan slappe av og nyte dagen dykkar. I tillegg tek eg sjølvsagt dei oppstilte bryllupsbildea. Om de har spørsmål eller spesielle ynskje er det berre å ta kontakt.